Hopp til innhold
X
Innhald

Georges Vantongerloo

Georges Vantongerloo [fantångərlå], 1886–1965, var belgisk målar, bilethoggar og arkitekt.

Frå 1917 var han tilslutta De Stijl-gruppa. Innanfor måleriet arbeidde han berre med rette vinklar fram til han i 1937 innførte kurva. Frå 1940-åra eksperimenterte han med mobilar, altså rørlege skulpturar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017