Hopp til innhold
Foto: Roar Eliassen/ Skald
Foto: Roar Eliassen/ Skald
X
Innhald

Gunvor Rasmussen

Gunvor Rasmussen, illustratør, animatør og bokbindar. Ho fekk sølv i kategorien Barne- og ungdomslitteratur i Årets vakreste bøker av Grafill i 2010 for Eventyrboka (2009).

Gunvor Rasmussen er fødd 29. august 1981 i Bergen, der ho òg held til. Rasmussen er utdanna ved Surrey Institute of Art & Design, 2001–02, og Central St. Martins College of Art & Design, 2002–04. I London var ho òg bokbindarlærling hos Wyvern Bindery i 2003. I 2005 tok ho spesialpedagogikk ved Norsk Lærerakademi. Rasmussen tok BA-graden (Bachelor of Arts) i visuell kommunikasjon/animert design ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen i 2009.
Etter opprettinga av eiga verksemd i 2006 har Rasmussen illustrert for Samlaget, Skald Forlag og GAN Aschehoug. I perioden 2006–09 var ho fast illustratør for spalta «Vekevridd» i Bergens Tidende. I tillegg har ho arbeidd som animatør for NRK3.
I 2012 utforma Rasmussen scenografien til framsyninga Trollkrittet (etter Zinken Hopps bok frå 1948). I tillegg til digitale animasjonar illustrerte ho òg delar av forteljinga direkte frå scena, parallelt med Adele Lærum Duus si opplesing. Framsyninga hadde urpremiere under festspela i Bergen i 2012 og har sidan vore vist fleire stadar, mellom anna på Litteraturhuset i Bergen.
Illustrasjonane til Rasmussen er utførte i blyant, blekk og vassfarge. Dei dokkeliknande skapnadane er fargesterke og forma med ein forteljande og leikande strek. Humoren står sentralt i arbeida hennar.
Den heidersomtalte debutboka Godnattboka fekk Nynorsk barnelitteraturpris i 2007.
Foto: Gunvor Rasmussen, 2013. Foto: Gunvor R Illustration.
Foto: Gunvor Rasmussen, 2013. Foto: Gunvor R Illustration.
 
Kjelder
Samtale med Gunvor Rasmussen, Bryggen, Bergen 16.4.2013
Ingvild Bræin: «Nonsens med mening»: http://www.fib.no/no/Artikler-og-nyheter/Nyhetsarkiv/Nonsens-med-mening/ [lesedato 20.3.2013]
Peikarar
«'Tett på' Gunvor»

Først publisert: 01.11.2013
Sist oppdatert: 09.12.2013