Hopp til innhold
X
Innhald

Henri Matisse

Henri Matisse [matiss], 1869–1954, var fransk målar, grafikar, bilethoggar og designar.

Matisse var ein av dei største i europeisk målarkunst og hadde stor påverknad på andre. I 1905–08 leidde han gruppa av målarar i retninga fauvisme, og i 1908–11 dreiv han målarskule i Paris der mellom anna fleire norske målarar var elevar.

 

Bileta hans er kjenneteikna ved utsøkt form og linjespel, og klare, sterke fargar i eit abstrahert formspråk. Etter reiser i Nord-Afrika i 1911–13 kom det også inn dekorative, orientalsk-påverka element. Henri Matisse var arkitekt for La chapelle du rosaire i Vence ved Nice. Han teikna også inventar, glasmåleri og veggdekorasjonar til kapellet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017