Faktaboks

Lars Vivelid

Lars Sylfestson Vivelid

Fødd
30. oktober 1903, Eidfjord, Vestland
Død
22. november 1987

Lars Vivelid var målar og forfattar. Kunsten og bøkene hans er prega av skildringar av natur og villmark rundt heimegarden, der han ferdast mykje som fjellgåar og jeger.

Lars Vivelid var fødd i Eidfjord i Vestland. Han vaks opp på den veglause fjellgarden Viveli, 900 meter over havet, og budde der heilt til han var 77 år gamal, dei siste åra saman med søster si, kunstnaren Kari Vivelid. Her levde dei av det garden og vidda kunne gi. Vivelid dreiv jakt, særleg etter rype, rev og rein, og han fiska med garn i fjellvatna. Han var med i motstandsrørsla under andre verdskrigen. I 1950 bygde han fjellstove for turistar på Viveli, som han dreiv sidan.

Vivelid vaks opp i ein heim der det var mykje bøker og lesnad, og etter kvart tok han til å skrive sjølv. Det starta med småstykke og dikt i Bergens Tidende, Ung-Norig og Magasinet for alle. Han debuterte i 1965 med Små glimt frå store vidder, og sidan skreiv han over tjue bøker, både novellesamlingar, romanar og barnebøker. Dei fleste av bøkene er skildringar av villmarka og fjellvidda som Vivelid kjende så godt.

Vivelid dreiv òg som målar. Motiva er som regel henta frå vidda – med fjell, vatn og reinsdyr. Han har måla fleire kunstverk som heng på offentlege stader, mellom anna på skulen på Valestrandsfossen og på rådhuset i Osterøy kommune. Han har dessutan laga faner til fleire lag og organisasjonar.

Utgivingar i utval

  • Små glimt frå store vidder (1965), artikkelsamling
  • Nye glimt frå gamle vidder (1967)
  • Frå villmarker vide (1966), noveller
  • Frå veglause villfjell (1967), noveller
  • Nornone spann svart gjennom netter (1968), roman
  • Det hende kring Skinnarfjell (1979), roman
  • Heilofløyt (1978), diktsamling
  • Storfiskaren (1977), barnebok
  • Vesle-Olav i Dyreskog (1978), barnebok
  • Skatten i Andershola (1979), barnebok

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg