Hopp til innhold
X
Innhald

Man Ray

Man Ray [rei] (eigentleg Emanuel Rabinovitch), 1890–1976, var amerikansk målar, fotograf, film- og objektkunstnar.

Man Ray var aktiv innanfor surrealismen og dadaismen. Han budde i Paris frå 1921. Man Ray brukte ein fotomontasjeteknikk som han kalla rayogram, og han er rekna som den mest nyskapande fotografen i si tid. Elles samarbeidde han med fleire avantgarde-filmkunstnarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017