Hopp til innhold
X
Innhald

Marc Chagall

Marc Chagall [sjagall], 1887–1985, var russisk-fransk målar og grafikar av jødisk familie.

Chagall skapte mystisk-visjonære bilete med naivistisk og surrealistisk preg. Han står bak fleire monumentale utsmykkingar, mosaikkar og glasmåleri, mellom anna på FN-bygningen i New York. I 1973 opna eit eige Chagall-museum i Nice.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017