Hopp til innhold
X
Innhald

Marcel Duchamp

Marcel Duchamp [dysjã], 1887–1968, var fransk målar, bilethoggar og kunstteoretikar.

Duchamp var aktiv innanfor fleire avantgardistiske kunstretningar – han var dadaist, surrealist og futurist. Mest kjend er han for å stille ut «ready mades», ferdigproduserte gjenstandar frå dagleglivet – eit pissoar, eit flaskestativ, eit sykkelhjul osb. – i offentlege galleri, lausrivne frå dei daglegdagse funksjonane. Duchamp ville med dette stille spørsmål ved det etablerte kunstomgrepet. Han er rekna som ein føregangsmann for konseptkunsten. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017