Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Nilsson Skum

Nils Nilsson Skum, samisk kunstnar.

Nils Nilsson Skum var fødd i april 1872 i ein lavvo på Ciuruduottar under vårflyttinga frå Kautokeino til Gällivare i 1951. Han vart reineigar og sjølvlærd kunstnar, og etterlét seg skulpturar, knivar, ymse duodji og over 3000 teikningar og pastellar frå reindrifta og livet på vidda, publisert i bøkene Sáme siida – samebyn (1938) og Valla renar (1955). Han gifte seg med Helena Kuhmunen i 1893.
Skum turnerte mykje med kunsten sin, mellom anna var han i Berlin og på verdsmessa i Paris i 1937. Store delar av kunsten hans heng i dag på Nordiska Museet i Stockholm, hos Gällivare kommune, hos LKAB i Kiruna og hos mange private. Då Skum måtte slutte med reindrift etter fleire magre år og utsvolten rein, blei han og kona bufaste i Sjisjka. Der budde dei til han døydde i 1951. Han ligg gravlagd i Jukkasjärvi. Medan han levde, var Skum ein så populær kunstnar at Svenska Järnvägen bygde Sjisjka stasjon i nærleiken av huset hans.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 25.04.2014