Hopp til innhold
X
Innhald

Pablo Picasso

Pablo Picasso (eigentleg Pablo Ruiz Blasco), 1881–1973, var spansk målar, grafikar, bilethoggar og keramikar

Picasso var ein av dei viktigaste kunstnarane på 1900-talet og la bak seg ein enorm og allsidig produksjon som er prega av originalitet og utforskingslyst.

Han måla realistiske bilete mellom anna frå underverda i Paris i den «blå perioden» sin i 1901–04, som Celestine (1903). I «rosaperioden» (1905–06) kom mellom anna Akrobatar med hund (1905). Saman med Braque utvikla han kubismen, og derifrå har ein mellom anna Les demoiselles d’Avignon (1907, byrjinga av kubismen), Gitarspelaren (1916) og Guernica (1937). I 1920–30 måla Picasso i nærast klassisk stil, og seinare vart han sterkt påverka av surrealismen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017