Hopp til innhold
X
Innhald

Rafael

Rafael (eigentleg Raffaello Sanzio), 1483–1520, var italiensk målar og arkitekt.

Han var ein hovudfigur i høgrenessansekunsten. Særleg vigde han seg til psykologisk fordjupande portrett og madonnabilete, og skapte ein madonnatype som på ein ny måte la vekt på den menneskelege kontakten mellom mor og barn. Ny var også komposisjonen hans, med plastisk teikna figurar som syntest å frigjere seg frå bakgrunnen.

 

Rafael busette seg i Roma i 1508. Han dekorerte, etter oppdrag av pave Julius II, tre rom, stanzaer, i pavebustaden i Vatikanet med epokegjerande freskar, mellom anna Skulen i Athen (1509–11). Her verkeleggjorde han målet om roa, det opphøgde og harmonien i høgrenessansen som ein syntese av klassisk og kristen kultur. Han la bak seg ein stor og mangfaldig produksjon. Som arkitekt skapte han mellom anna Villa Madonna utanfor Roma, og i 1515 vart han leiar for oppføringa av Peterskyrkja. Rafael har hatt enorm innverknad, både på kunstnarar i samtida si og inn i vår tid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017