Hopp til innhold
X
Innhald

Robert Delaunay

Robert Delaunay [dəlåne], 1885–1941, var fransk målar.

Delaunay var ein av pionerane innanfor abstrakt kunst. Med påverknad frå kubismen utvikla han ei eiga retning, orfismen, der han ved bruk av oppstykka former og vibrerande fargekontrastar søkte å gi uttrykk for rørsle og rytme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017