Faktaboks

Torill Eidsheim
Fødd
8. april 1970, Lindås, Hordaland (no Alver, Vestland)
Torill Eidsheim.
Stortinget.

Torill Eidsheim er grafisk formgivar og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland.

Bakgrunn

Torill Eidsheim er fødd i Lindås (no Alver) i Hordaland (no Vestland). Ho gjekk på Lindås gymnas i 1986–1990, med eit utvekslingsår i USA. I 1991–1994 tok ho utdanning i visuell kommunikasjon på Garnes vidaregåande skule og i 1997 tok ho utdanning i webdesign, organisasjonspsykologi og leiing ved Høgskolen i Bergen (no Høgskulen på Vestlandet) og Handelshøyskolen BI.

Ho var assistent i Eknes Designbyrå i 1994–1995 og kunstnarisk leiar i Eknes og Scholz Reklamebyrå i 1995–1997. Ho arbeidde deretter eitt år som frilans formgivar, før ho var marknadskonsulent i avisa Hordaland i 1998–2003. Frå 2003 til 2010 var ho marknadssjef i Hillesvåg Ullvarefabrikk og frå 2010 dagleg leiar i Skram Media.

Politisk karriere

Som ungdom var ho medlem i Nordhordland Unge Høgre. I 1999–2003 sat ho i Radøy kommunestyre for Høgre. Ho var medlem av fylkestinget i Hordaland i 2007–2011, der ho var fraksjonsleiar for Høgre i samferdselsutvalet. I 2011 vart ho nestleiar i Hordaland Høgre.

Eidsheim var vararepresentantStortinget i perioden 2009–2013 og var vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland i 2013–2021. Ho var medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i 2013–2017, i helse- og omsorgskomiteen i 2017–2020 og i kommunal- og forvaltningskomiteen i 2020–2021. Ho blei ikkje renominert for stortingsvalet i 2021. Ho har vore saksordførar for fleire saker som handlar om digital infrastruktur og IKT-system for samferdsel og helsevesen. Ho er òg aktiv i fylkespartiet i Hordaland, både som tillitsvald og som aktivist.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg