Hopp til innhold
X
Innhald

Bellini

Bellini, italiensk målarfamilie.

Jacopo levde frå ca. 1400 til 1470. Lite er bevart av kunsten hans. Giacomo hadde to søner: Gentile (ca. 1429–1507) blir rekna for grunnleggjaren av det venetianske historiemåleriet og står bak mellom anna veggbilete i Dogepalasset. Giovanni (ca. 1430–1516) er den mest kjende av dei tre. Han måla både kristne og mytologiske motiv, og var nyskapande med dei individualiserte og uttrykksfulle portretta sine. Giovanni Bellini var også mellom dei første til å ta i bruk den nye oljeteknikken, og han er rekna som ein av dei store meistrane frå renessansen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017