Hopp til innhold
X
Innhald

Giotto di Bondone

Giotto di Bondone [dzjåttå], ca. 1267–1337, var italiensk målar og arkitekt.

Bondone verka i Firenze, Assisi, Padova og Roma, og var sett høgt opp til i samtida si. Han braut med den skjematiske bysantinske stilen og innførte ei meir naturalistisk og psykologisk skildring i dei religiøse bileta sine. Dette gav personane rom og tyngd, og ved hjelp av mimikk og gestar uttrykte han kjensler i scenene. Kjende er freskane hans i Arena-kapellet i Padua (ca. 1305–06). Som arkitekt teikna han kampanilen ved domkyrkja i Firenze.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017