Hopp til innhold
X
Innhald

Hubert og Jan van Eyck

Hubert van Eyck [eik], ca. 1370–1426 og Jan van Eyck, ca. 1390–1441, var nederlandske målarar og brør.

Dei revolusjonerte målarkunsten ved å forbetre oljefargeteknikken og bruke han konsekvent i staffelimåleriet. Det felles hovudverket deira er det såkalla Gent-altaret i St. Bavo-katedralen i Gent, som mellom anna viser dei første realistiske aktmåleria i nyare tid. Jan van Eyck oppnådde stor anerkjenning i samtida si og er rekna som den viktigaste målaren i den tidlege nederlandske skulen. Ei rekkje av dei meisterlege portretta og figurbileta hans er bevarte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017