Hopp til innhold
X
Innhald

Masaccio

Masaccio [-satsjå] (eigentleg Tommaso di Ser Giovanni di Simone Guidi), ca. 1401–28, var italiensk målar frå Firenze og ein av pionerane for målarkunsten i ungrenessansen.

 Han utnytta romskapande middel og den nye perspektivlæra, og skapte livaktige og dynamiske menneskeframstillingar i freskane sine. Hovudverket er utsmykkinga av Brancacci-kapellet i kyrkja Santa Maria del Carmine (ca. 1425) og Treeininga i kyrkja Santa Maria Novella, begge i Firenze.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017