Hopp til innhold
X
Innhald

Pietro og Ambrogio Lorenzetti

Pietro og Ambrogio Lorenzetti, italienske målarar og brør.

Dei verka i Siena på byrjinga av 1300-talet. Truleg døydde dei under pesten i 1348. Stilen deira gjekk i retning av større naturalisme, og dei fekk stor innverknad på andre. Pietro Lorenzetti måla mellom anna freskar i underkyrkja i Assisi, medan Ambrogio Lorenzetti er mest kjend for allegoriske freskar i rådhuset i Siena.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017