Hopp til innhold
X
Innhald

Simone Martini

Simone Martini, ca. 1284–1344, var italiensk målar. Han kom frå Siena og vart ein leiande representant for den internasjonale gotiske stilen, med mjuk og elegant linjeføring og utsøkt fargerikdom. Martini arbeidde for pavehoffet i Avignon, og stilen hans vart slik spreidd også til Frankrike og Flandern.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2017
Sist oppdatert: 09.11.2017