Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard Blekastad

Hallvard Blekastad var kunstmålar, lærar og hagebrukar – og svært oppteken av norsk språk og åndelege spørsmål. Ivar Aasens grammatikk pla liggje på nattbordet hans, saman med bøkene til venen Olav Aukrust.
Hallvard Blekastad var fødd i Gausdal 5. juli 1883 og døydde der 27. september 1966. Han gjekk på friskule hos far sin, Ivar Blekastad, og deretter på framhaldsskule. I 1901 kom han til folkehøgskulen i Ørsta og i 1904–05 til Askov folkehøgskule i Danmark. Han tok lærarskulen på Elverum 1907–09 og vart tilsett ved folkehøgskulen på Eidsvoll. Det første teiknekurset tok han våren 1910.
 
Blekastad debuterte på Vårutstillinga i Kristiania Kunstforening 1912, i 1913 hadde han bilete på Haustutstillinga. Den første separatutstillinga var på Lillehammer i 1917. Sidan var målinga hovudarbeidet hans.
 
Våren 1914 reiste Blekastad til Paris og studerte då særleg Matisse og Cézanne. I åra 1920–22 var han hos Rudolf Steiner i Sveits. Derifrå tok han turar til Tyskland, Italia og Frankrike. I 1925 drog han igjen til Frankrike, og måla hos André Lhote i Paris. Han var i Frankrike – Paris, Vézelay og Cassis-sur-Mer – til 1929, med avbrot for eit opphald i Dresden hausten 1928. Blekastad busette seg fast i Gausdal i 1937.
 
Ein heim med hardt arbeid og aktivt kulturliv
Hallvard Blekastad var frå ei slekt med sterke band til folkehøgskule- og ungdomslagsmiljø. Faren var Ivar Blekastad frå Sel – gardbrukar, friskulelærar, handelsmann, målmann og politikar i Gausdal. Mora var frå Lom, fødd Tora Ofigsbø. Systera Gudrun gifta seg med Olav Aukrust. Det var eit aktivt kulturmiljø kring heimen. Christopher Bruun og familien var nære vener av Blekastadfolket.
 
Som ung var Blekastad fleire år heime og arbeidde på garden og med handelen. Så kom han på lærarskulen. I studietida hadde han kontakt med folkehøgskulen på Eidsvoll og fekk stilling der straks han var ferdig. Blekastad var godt omtykt som lærar, men trongen til å teikne og måle auka.
 
Målaren – påverknad og utvikling
Etter å ha måla ved sida av arbeidet i eit par år, tok han avgjerda om å satse på kunsten, støtta av læremeistrar som Henrik Sørensen, Thorvald Eriksen og Oluf Wold-Torne. Som hospitant ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1913–19 fekk han rettleiing av Hans Ødegaard og Johan Nordhagen. Bileta frå den første separatutstillinga er for det meste stemningsladde landskap frå Nord-Gudbrandsdalen.
 
Frankrikeopphaldet i 1925–29 vart ei rik målartid for Blekastad. Bileta er prega av sterke, reine fargeflater og fast komposisjon. Eit døme er «Frå Sør-Frankrike» (1926). I 1930-åra hadde Blekastad ein rik skapande periode. Motiva er mest frå Gausdal, Lom og fjella rundt. I 1937 vart biletet «Norig», med motiv frå Lom, stilt ut på verdsutstillinga i Paris. Dette biletet av «Fjell-Noreg» i tidleg vår er eit av hovudverka hans. Han måla òg gode portrett, som det kraftfulle «Gausdøl» (1944) og «Mari Aukrust» (1933). På ei utstilling i 1958 stilte den då 75 år gamle Blekastad ut berre nye bilete, blant dei 18 variantar av Hestbrepiggane. «Steinfly», «Loshaugen» og «Portrett av A.M.M.» finst på Nasjonalgalleriet.
 
Antroposofien – eit framhald av livssynet frå heime
Dei åndelege interessene førte Blekastad til Rudolf Steiner i Dornach i Sveits. Antroposofien hadde han møtt gjennom Ingeborg Møller og svogeren Olav Aukrust, som stod han svært nær. Han var med og bygde høgskulen Goetheanum i Dornach. Ei tid prøvde han å måle i samsvar med Steiners kunstsyn, men gav det fort opp.
 
Bu – Blekastad samlar trådane
I 1934 gifta Blekastad seg med den unge og svært gåverike Milada Topicová frå Tsjekkoslovakia. Etter eit par år i Lom bygde dei heimen Bu i Gausdal. Ved sida av målinga dreiv Blekastad biologisk-dynamisk hagebruk, hjelpt av ein stadig aukande barneflokk, som han og kona oftast underviste heime. Blekastad var skeptisk til den offentlege skulen, og nokre av borna gjekk seinare på steinerskule i Oslo. Han var djupt oppteken av landsmålet, samla dialektord og -uttrykk heile livet og var motstandar av rettskrivingsendringane.
 
Hallvard Blekastad hadde sterk integritet. Han sameina norskdomsmiljøet i heimen med tankane til Steiner og impulsar frå europeisk kunst- og åndsliv. Ideane sine søkte han å realisere både i kunst og liv. I kunsten leitte han etter eit fullgodt personleg uttrykk for ein åndfull visjon av det heimlege landskapet.
 
Kjelder
Milada Blekastad: Hallvard Blekastad. Glimt frå eit kunstnarliv. Oslo 1983
Tor Blekastad: «Barndom i Åndsreppa i Gausdal», Årbok for Gudbrandsdalen 2007. 2007
Tone Skedsmo: «Hallvard Blekastad», Norsk kunstnerleksikon, bd. 1. Oslo 1982

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 12.04.2010