Hopp til innhold
X
Innhald

Ingunn Wiken

Ingunn Elida Wiken, sjølvstendig næringsdrivande og illustratør. Ho har gitt ut barneboka Karl Oscar i hardt ver saman med Eli Kari Gjengedal.

Ingunn Elida Wiken er fødd 9. juli 1964 i Leikanger og busett i Hemsedal. Ho er utdanna art director frå Westerdals Reklameskole Oslo på midten av 1980-talet. Ho var avisteiknar for Firda i to år, frilansteiknar i VG og arbeidde kring ti år i reklamebransjen, m.a. i Bates Reklamebyrå (1994–99). Sidan 2000 har Wiken arbeidd frilans med illustrasjon, design og reklame. Ho har hatt fleire utstillingar av arbeida sine via Norges Tegnerforbund og har hatt oppdrag for mellom anna TINE Meierier, Telenor Mobil, Hjemmet og ESSO.
Wiken har illustrert Jorunn Strand Askelands bøker om Arne Brian og kristne høgtider (2000–2001). I 2006 blei Jakob Sandes «diktfabel» Gåsa, katten og hanen gitt ut. Wiken har laga fargerike, kreative, teikneserieaktige og fantasifulle teikningar til historia om gåsa, katten og hanen som vil ut i verda og freiste lukka. Humoren blir og understreka gjennom teikningane.
I 2007 gav ho ut barneboka Karl Oscar i hardt vêr, ei bok om ulike ver-fenomen, saman med Eli Kari Gjengedal. Teikningane hennar utdjupar teksten og er stemningsfulle, men samtidig ekspressive, sprelske og uføreseielege.
Wiken bidrog med ei historie om sofagrisen Sylfest i antologien Godnattboka: nynorske forteljingar (2007) og om trastejenta som ikkje ville fly i Eventyrboka (2009).
 
Kjelder
Ingunn Wiken, forfattarside, skald.no, http://skald.no/personar/ingunn_elida_wiken.html [lesedato 17.3.2011]
 
Peikarar

Først publisert: 10.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013