Hopp til innhold
Ivar Orvedal
Ivar Orvedal
Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med Ivar Aasen-tunet.
X
Innhald

Ivar Orvedal

Ivar Orvedal, mangfaldig kunstnar og kulturarbeidar frå Sogn.

Ivar Orvedal er fødd i Måren i Ytre Sogn 28. desember 1952 og bur skiftevis i Måren og i Columbus, Ohio. Han er utdanna skipselektrikar frå Oslo teknisk-maritime skole i 1972, men har sidan 1980 vore sauebonde, forfattar, musikkskribent, økologisk gardbrukar, hesteoppdrettar, kulturentreprenør og improvisasjonskunstnar. Orvedal har vore gjestelærar ved Forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark og ved Skrivekunstakademiet i Bergen.

Orvedal debuterte som lyrikar i 1979 med Moldmennsje, på sognedialekt. Seinare har det kome fire bøker til: Café 1982 (1982), med grafiske trykk av Edvard Munch, Grrmjau (1988), illustrert med tusjteikningar av Sidsel Paaske, Ordakt (1994) og Berøringsstrofer (2012), dei to siste saman med biletkunstnaren Randi Strand. Berøringsstrofer har både vanleg trykk og punktskrift («blindeskrift»). Både den og Ordakt er kunstbøker, sjølvstendige kunstverk der tekst og utforming spelar saman i ein estetisk heilskap.

Ordakt fekk Grafills diplom for årets vakraste bok i 1995, i generell klasse. Berøringsstrofer fekk «Ordknappen» i 2013 og er innkjøpt og utstilt av Centre for Artist's Books (Dundee), Scottish Poetry Library (Edinburgh), International Artist's Book Triennial og Bomuldsfabrikken i Arendal.

Det estetiske uttrykket som bøkene vitnar om, finn vi også att i Orvedals mange framføringar og konsertar sidan 2000. Han har vore særleg oppteken av å utforske tverrestetiske og tverrkulturelle uttrykksformer, og å skape musiske møtestader på tvers av sjangrar og tradisjonar. Saman med Karl Seglem skipa han i 2003 Mårenbiennalen, ein musisk arena for improvisert musikk, installasjonar, litteratur, folkemusikk og landskapskunst. Etter 2005 har han drive biennalen åleine som ein arbeidsverkstad der også barn og unge er inviterte og får arbeide saman med profesjonelle utøvarar frå mange sjangrar.

Frå 2000 til 2011 hadde Orvedal ei rekkje framføringar saman med Arve Henriksen (trompet, livesampling, song) under fellesnamnet «Pusterom». Andre tverrkunstnarlege og tverrfaglege prosjekt der han har vore leiar, er «Non Plus Ultra», «Ambrosia», «Gamle og nye draumar sin kombo», «Entrevista», «Cafe Existens», «Ad infinitum» og «Primus Motor». Mellom dei mange kunstnarane som har vore med, er Nils Økland (fele, viola d'amore) Hildegunn Øiseth (trompet, bukkehorn), Nina de Heney (kontrabass), Benedicte Maurseth (hardingfele, song), Kari Malmanger (song, indiske harmonium), Gabriella Eszter Szabo (piano), Danitza Olea (flamencodans), Violeta Gamez (fiolin), Isabel Sörling (song), Naoko Sakata (piano), Johan Birgenius (trommer), Torbjørn Dyrud (pipeorgel, piano), Ståle Storløkken (pipeorgel, keyboard) og Terje Isungset (trommer, perkusjon). Prosjekta byggjer på Orvedal sine tekstar, hans «poetiske partitur», som han kallar dei. Sjølv deltek han med opplesing og perkusjon.

Sidan 2015 har Orvedal prioritert samarbeidet med trompetar Jakob Eri Myhre og improgruppa «One Finger Snap», og med Laura Marie Rueslåtten, som er klokkenist i Oslo rådhus. I 2018 starta Orvedal opp att prosjektet «Amazing Grace Generator», med ei tydeleg målsetjing om å utfordre listetopp-kulturen.

Frå tidleg i 1980-åra og fram til 2003 var Orvedal musikkjournalist og musikkmeldar i mellom anna Nye Takter/Arbeiderbladet, Bergens Tidende, Firda, Klassekampen, Dag og Tid, Jazznytt, Rock Furore og Listen to Norway (Norsk Musikkinformasjon sitt internasjonale magasin).

I 2006 fekk Orvedal Høyanger kommune sin kulturpris.


Kjelder

Samtalar og e-post-utveksling med Ivar Orvedal


Vilborg Stubseid Hovet: «Berøringsstrofer», i Kva er ei bok? Oslo 2018

 

Peikarar

Presentasjon av Ivar Orvedal i Forfatterkatalogen, forfatterkatalogen.no

Forfattarside om Ivar Orvedal på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 09.08.2019