Hopp til innhold
X
Innhald

Iver Ándde Ivvár Ivvár Jåks

Iver Ándde Ivvár Ivvár Jåks, 1932–2007, frå Kárašjohka/Karasjok, var samisk biletkunstnar.

Han voks opp i ein reindriftsfamilie. Då han åtte år gamal fekk foten øydelagd etter å ha køyrt med rein, vart eit liv med reindrift utenkjeleg. Etter eit sjukehusopphald i Vadsø kom han til vanføreheimen som Norges Samemisjon dreiv i Tromsø. Der vart talentet hans for biletkunst synleg, og han fekk plass på den samiske folkehøgskulen i Karasjok i 1950.
Vidare studerte han på Statens Handverks- og Kunstindustriskule i Oslo i 1952–55, Statens Lærarskule i forming på Notodden i 1955–56, Vraa Højskole i 1957 og Kunstakademiet i København i 1958–59. Her møtte han Inger Nielsen, ein tolv år eldre dansk kunstnar. Dei gifta seg etter at utdanninga var ferdig og budde i Karasjok til dei flytta til Tromsø i 1991.
Jåks vart leigd inn av Tromsø Museum for å lage utstillinga Samekulturen med Ørnulf Vorren. Utstillinga opna i 1973 og står der framleis med veggmåleria til Jåks. Han var oppteken av samisk tradisjon og arbeidde med tradisjonelle material som tre, horn, bein og skinn i tillegg til kol- og tusjteikningar, akvarellar og grafikk i tillegg til store skulpturar i tre og betong, eller installasjonar baserte på moderne material.
Jåks illustrerte mange bøker, skule- og barnebøker medrekna, og fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1977. Jåks var statsstipendiat frå 1988, og han fekk Kulturrådets ærespris i 1992. Frå 1993 hadde han ei stilling ved Universitetet i Tromsø. Jåks fekk tre æresprisar frå Polarsirkelfestivalen, Norske Samers Riksforbund og Nordisk Sameråd. I 2002 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 2004 fekk han Troms fylkeskommunes kulturpris. Jåks er innkjøp av Nordnorsk Kunstmuseum, Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet med fleire. Kunstnaren hadde fleire enn 30 separatutstillingar i og utanfor Norden medan han levde, somme er òg viste posthumt.
Romanen til Mathis Mathisen, Et tre med rota opp: fra en samisk kunstners barndom som kom ut i 1983, handlar om dei unge åra til Iver Jåks.

Først publisert: 29.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014