Hopp til innhold
X
Innhald

Johanna Bugge Berge

Johanna Bugge Berge, kulturarbeidar og kunstnar som henta motiva sine frå natur, folkeliv og folkekunst i Telemark.

Johanne Bugge Berge var fødd 1. oktober 1874 i Kristiania og døydde 26. november 1961 i Skien. Ho utdanna seg som teiknar ved Den kongelige Tegneskole i 1891. Seinare vart ho elev av Harriet Backer, Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. Vinteren 1896/97 studerte ho i Roma. Ho måla portrett og landskap, og ho var illustratør for fleire samlingar av folkeminne. I 1898 var Bugge Berge for første gong med på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga), og ho var òg med i 1902, 1905 og 1910. I 1900 var ho med på verdsutstillinga i Paris.
Bugge Berge utmerkte seg særleg som portrettmålar. Ho måla mellom anna Løvenskiold-familien på Fossum i Gjerpen og dei ni første fylkesmennene i Telemark. Tingsalen i Fylkeshuset i Skien er òg dekorert av Johanna Bugge Berge, med motiv frå natur, kultur og folkeliv i Telemark.
Saman med ektemannen, Rikard Berge, som var folkekulturgranskar, gav ho ut fleire bøker med tradisjonsstoff. Ho illustrerte òg bøker med norsk folkekunst. Eit døme finst i boka Norske eventyr og sagn. Optegnet av Sophus Bugge og Rikard Berge. Illustrert med norsk folkekunst av Johanna Bugge Berge. Sophus Bugge var far til Johanna.
I 1918 gav Johanna Bugge Berge ut boka Sømkunst i norske bygder, ei samling av prydsaummønster frå norsk folkekunst.
Kjelder
Bjarne Karsten Nenseter: «Johanna Bugge Berge», Telemark Historie 1993

Først publisert: 21.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013