Faktaboks

Sissel Horndal
Fødd
17. februar 1970, Bodø, Nordland

Sissel Horndal er barnebokforfattar, biletkunstnar, illustratør og grafisk designar.

Bakgrunn

Sissel Horndal er fødd i Bodø i Nordland. Ho er utdanna ved Nordland kunst- og filmskole (1991–1993) og kunsthøgskolen i Bergen (1994–1997). I 1997–1999 arbeidde ho ved Lakselv videregående skole. I 2005 starta ho firmaet Rabarbra Bokmakeri, som sel tenester innanfor grafisk design, illustrasjon og bedriftsprofilering.

Forfattarskapen og illustrasjonar

Horndal debuterte i 1998 som forfattar og illustratør med biletboka Ei halspastillhistorie, som handlar om Sivert og Store-Sivert som bur på ei øy vest i havet. Eg er ikkje trøytt, om Silje som høyrer skumle lydar under senga, kom ut i 2000. Himmelspringaren kom i 2008, og det er ei forteljing om det lilla lammet Lila. Horndal har ein fin balanse mellom språk og bilete i bøkene sine, og språket er lett og poengtert. Ho har òg gitt ut Historia om alfabetet (2014) og Hokus pokus 1, 2, 3 (2014).

I Sølvmånen (2015) og Fra stjernene til livet (2019) tar hun utgangspunkt i samiske myter og legender. Sølvmånen forteller om ei jente som blir bortført av Stallo, medan Fra stjernene til livet fortel om fødselsmytene knytt til mødregudinna Máttaráhkká. Begge disse bøkene finst både på norsk og på samiske språk.

Ho har illustrert ei rekkje norske og samiske lærebøker for grunnskolen, og ho var illustratør for mellom anna kokeboka Ro, ro til fiskeskjær (1998) og barnebøkene Ho Kirsti og eg (2005) og Huskereisa (2009).

Horndal har hatt ei rekkje utstillingar og har arbeidd med fleire teaterproduksjonar.

Utmerkingar

Ho fekk tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 1998 for Ei halspastillhistorie og i 2008 for Himmelspringaren. Ho blei nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris saman med Signe Iversen for den samiske barneboka Mánugánda ja Heike i 2013,og i 2015 for boka Duvro-guovža ja skohtermáđii saman med forfattar Veikko Holmberg. I 2015 fekk ho Blix-prisen for forfattarskapen sin. I 2018 blei ho nominert til Kulturrådets illustrasjonspris for barne- og ungdomslitteratur for boka Giegačivga Filius / Gjøkungen Filius, skriven av June Sommer Strask.

Bibliografi

  • Fra stjernene til livet/Nástijs iellemij (Idut, 2019)
  • Sølvmånen (Billedbok, Cálliidlágádus, 2015)
  • Historia om alfabetet (Billedbok, Rabarbra Bokmakeri, 2014)
  • Hokus Pokus 1-2-3 (Mangschou forlag, 2014)
  • Historia om alfabetet (2014)
  • Himmelspringaren (Barnebok, Mangschou forlag, 2008)
  • Eg er ikkje trøtt (Barnebok, Samlaget, 2000)
  • Ei halspastillhistorie. (Barnebok, Samlaget, 1998)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg