Hopp til innhold
X
Innhald

Bill Brandt

Bill Brandt, 1904–83, var britisk fotograf.

I 1929–30 var han assistent for Man Ray i Paris. I 1930-åra dokumenterte Brandt klasseskilja i England. På statleg bestilling fotograferte han krigsøydeleggingane og livet i tilfluktsromma i London fram til 1945. Frå 1945 vigde han seg til surrealistisk fotografi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017