Hopp til innhold
X
Innhald

Jens K. Maurseth

Sjølvportrett. © Fylkesarkivet.

Sjølvportrett. © Fylkesarkivet.

Jens K. Maurseth (1863–1927) frå Markane. Fotograf og spelemann.

Maurseth gjekk i lære i Bergen og tok til som fotograf på Nordfjordeid rundt 1885. Etter nokre år der flytta han til Stryn og etablerte seg som fotograf der. Han var aktiv som fotograf til han døydde i 1927.

Han let etter seg ei stor fotosamling på i alt 2245 bilete, som no er teken vare på av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Ein del av bileta er digitaliserte.

Maurseth utmerka seg med høg kvalitet på bileta sine. Han tok mange gruppebilete og portrett, men han reiste og rundt i indre Nordfjord og tok bilete av m.a. hotell.

Som spelemann var Maurseth mellom dei første i Nordfjord som tok i bruk hardingfele. I 1921 spelte Maurseth inn mange slåttar på voksrull. Dette er dei tidlegaste opptaka av folkemusikk i Sogn og Fjordane. Mellom dei som lærde av han var storspelemennene Ivar Kjeldstad og Jon Rosenlid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.02.2010