Hopp til innhold
X
Innhald

O. P. Fosse

Vik Blomster held til i det tidlegare forretningsbygget til O. P. Fosse. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Blomster held til i det tidlegare forretningsbygget til O. P. Fosse. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole P. Fosse starta i 1904 landhandel på Leikanger, men flytta i 1909 til Vik. Fosse (1871-1945) dreiv også som fotograf.

O. P. Fosse var medlem av Vik kommunestyre i mange år. Han var medskipar av Sogn Kjøpmannslag og Vik Frilynde Ungdomslag og var ein ivrig forkjempar for vegsambandet Vik-Voss.

Slik såg butikken til O. P Fosse ut før brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Slik såg butikken til O. P Fosse ut før brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

I 1945 overtok dottera Bjørg og svigersonen og Einar Holstad butikken. Dei hadde fire tilsette. Holstad trappa gradvis ned, og i 1979 opna Olav Salbu daglegvarebutikk i huset. Han hadde tidlegare drive med fiskebil i distriktet. Salbu dreiv butikken til 1988, då Inger Kvåle overtok. Ho dreiv til 1991.

Seinare starta Per Tubbene blomsterbutikk i huset, og frå 2000 har Yvonne Stokkebø drive butikken under namnet Vik Blomster AS.

I tillegg til å vere handelsmann var Ole P. Fosse ein aktiv fotograf som dokumenterte samtida si. Dette er eitt av bileta hans, vi ser ”Alden” legge til kai i Vik i 1935, og til høgre ser vi og eit sjøfly. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 08.06.2011