Faktaboks

Ole Tobias Olsen
Fødd
18. august 1830, Dunderlandsdalen i Rana, Nordland
Død
6. juli 1924, Kristiania (Oslo)
Verke
Prest
Familie

Foreldre: Bonde Ole Pedersen Bjellånes (1774–1849) og Milda Nilsdotter (1800–78).

Gift 21.11.1877 med Christine Bernhardine Dahl (6.10.1855–30.7.1910), dotter til tollrorskar Johan Eilert Dahl (f. 1822) og Helene Christine Olsen (f. 1830). Far til Ørjan Olsen (1885–1972).

Ole Tobias Olsen

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Ole Tobias Olsen
Av /NTB Scanpix ※.

Ole Tobias Olsen var prest, folkeminnesamlar og fotograf. Han var ein av dei første amatørfotografane i Noreg og «far til Nordlandsbanen».

Bakgrunn

Ole Tobias Olsen var fødd i Dunderlandsdalen i Rana i Nordland og døydde i Kristiania (no Oslo). Han tok lærareksamen ved Tromsø Seminarium i 1852, var lærar i Hadsel og i Kristiania. Olsen vart student i 1860 og fullførte presteutdanning ved universitetet i Kristiania i 1866.

Teologi, folkeminne og foto

Ljansviadukten
Ole Tobias Olsen var en dyktig fotograf. Han fotograferte landskaper, bygninger, interiører og portretter. 1873-1882 arbeidet han som teknisk fotograf for Jernbanekontoret i Kristiania. Bildet fra byggingen av Ljansviadukten på Østfoldbanen er fra 1876.
Av /Oslo Museum.

Han hadde vanskar med å få prestestilling, og dei neste åra følgde han førelesingar ved universitetet og livnærte seg av privatundervisning, urmakararbeid, pianostemming og fotografering. Han var ein av fotopionerane her i landet. Alt i 1863–1864 hadde han skaffa seg eit fotoapparat, og på ein ombygd trehjula velosiped sykla han rundt i Kristiania og tok bilete. Frå 1873 til 1882 arbeidde han som teknisk fotograf og assistent ved jernbanekontoret i Kristiania. På denne tida fann han òg opp blåkopiteknikken.

Frå 1883 til 1904 var han sokneprest i Hattfjelldal, der han hadde fleire kommunale verv. Han var både ordførar og amtsordførar. På ein tur i Storbritannia i 1862 hadde han fått ideen om ein jernbane gjennom Nordland som skulle gjere det lettare å frakte fisk. Han var medlem av jernbanekommisjonen for Nordland frå 1885 og er kjend som «far til Nordlandsbanen».

Som pensjonist budde han i Kristiania. I 1870 hadde han fått stipend for å samle inn eventyr, segner og folketonar frå Rana. Han ordna no materialet og gav i 1912 ut Norske folkeeventyr og sagn samlet i Nordland. I 1982 kom Folketonar frå Nordland, redigert av Øystein Gaukstad. Glasplatenegativa til fotografia hans, over tusen i talet, vert oppbevarte i Nasjonalbiblioteket i Oslo og i Oslo Museum. Fleire av fotoapparata finst på Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Utmerkingar

I 1919 vart Olsen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Joh. E. Bergwitz: Studenterne fra 1860. Kristiania 1910
  • Anne-Kari Bjellånes: «Nordlandsbanens far O.T. Olsen», Årbok for Rana 1983. Mo i Rana 1983
  • Susanne Bonge: Eldre norske fotografer. Oslo 1980
  • Just Broch: Ole Tobias Olsen og Nordlandsbanen. Oslo 1945
  • Roger Erlandsen: Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! Om fotografiens første hundre år i Norge – 1839–1940. Oslo 2000
  • Ivar Roger Hansen: «Ole Tobias Olsen – med folketradisjonen inn i det moderne Nord-Norge», Ottar 214, Tromsø 1997
  • A.F.W. Prytz: «Sogneprest Ole Tobias Olsen. 1830–1924», Norvegia sacra 1924. Kristiania 1924
  • L.O. Skjegstad: «En samtidsskildring av Ole Tobias Olsen», Årbok for Rana 1988. Mo i Rana 1988
  • Christian Wiik: Tromsø-seminarister 1829–1879. Oslo 1948
  • Nils Andreas Ytreberg: Vær hilset! Nordlændingernes Forening 1862–1962. Oslo 1962

Faktaboks

Ole Tobias Olsen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392066794

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg