Hopp til innhold
X
Innhald

Folkekunst

Folkekunst vert definert i kunsthistorisk teori som kunsthandverk frå mellomalderen til 1900, med hovudvekt på 1700- og 1800-talet.

Døme på folkekunst er utsmykka møblar, bruksting, biletvev, rosemåling og byggjeskikk i det gamle bondesamfunnet.

Som omgrep vart folkekunst først nytta på tysk i 1894, av den austerrikske kunsthistorikaren Alois Riegel (1858–1905). Kunsthistorikaren Andreas Aubert (1851–1913) var den første til å nytte ordet på norsk få år seinare. Utover 1800-talet vart den moderne kunstforståinga formulert, og med det kom skiljet mellom «den store kunsten» (arkitektur, måleri, skulptur) og «den vesle kunsten» (folkekunst eller kunsthandverk). Då kom òg behovet for å definere dei ulike kunstnarlege epokane, og folkekunsten vart rekna attende til mellomalderen.

I mellomalderen vart kunsthandverk høgare verdsett enn skulptur og måleri, og det vart rekna som ein kunst for handverkaren å lage eit godt produkt same om det var ein skulptur eller ein bruksting. Med våre dagars kunstsyn kan begge delar no reknast som kunst, sjølv om vi kallar den eine utdanna kunstnar og den andre meir eller mindre sjølvlærd handverkar.

I kunstteorien vart folkekunsten som epoke avslutta rundt 1900. Det inneber ikkje at folkekunsten vart borte. Framleis lagar dugande handverkarar kunsthandverk i ulike materiale og teknikkar.

Kjenneteikn

Ordet folkekunst vert nytta i mange europeiske språk, og definisjonen av kva som er folkekunst, er ulik frå land til land. I Noreg kan noko reknast til «den store kunsten», medan eit liknande arbeid ute i Europa vert kalla folkekunst. Det avgjerande for korleis ein gjenstand vert vurdert, er kva som vert rekna som den høgaste kunstnarlege verdien på den aktuelle staden.

Kvar epoke og kvart uttrykk i kunsthistoria må samanliknast med andre epokar og uttrykk for å kunne verte definert. Handverket i «den vesle kunsten» vert målt opp mot elitekunsten eller «den store kunsten». Når vi ser folkekunsten under eitt og samanliknar han med elitekunsten, kan han kjennast att på nokre konkrete eigenskapar:

Folkekunsten er prega av forseinking i forhold til elitekunsten, altså at stiltrekk frå periodar i elitekunsten viser seg i folkekunsten ei god stund seinare. Samstundes er det eit poeng at kulturen generelt var forseinka i Noreg samanlikna med resten av Europa.

Vidare er folkekunsten prega av reliktformer, det vil seie at motiv frå ulike epokar i elitekunsten kan finnast i eitt og same verk i folkekunsten. Det er òg vanleg med todimensjonal form, og primærfargar pregar den dekorative målinga og tekstilkunsten.

Materiale og teknikk

Byggjeskikken i det gamle bondesamfunnet er ein viktig del av folkekunsten. Inngangsparti på våningshus og kyrkjer vart rikt utsmykka, både med treskurd og dekormåling.

Treskurd vart nytta på reiskapar, møblar og bruksting som var i dagleg bruk. Det er vanleg å skilje mellom tradisjonell treskurd og karveskurd. Den tradisjonelle skurden vart etter kvart inspirert av stiltrekk frå Europa. Karveskurden er kjend frå 1500- og 1600-talet og er ein sjølvstendig og folkelig treskurd. Karveskurden hadde særleg stor utbreiing på Vestlandet og elles i kyststroka både i nord og sør.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dei gamle stavkyrkjene har praktfulle utskjeringar. Fotet viser utskjeringar på Heddal stavkyrkje. Foto: Stina Aasen Lødemel.

Dei gamle stavkyrkjene har praktfulle utskjeringar. Fotet viser utskjeringar på Heddal stavkyrkje. Foto: Stina Aasen Lødemel.

Først på 1600-talet vart det vanleg å dekormåle i større omfang. Fram til då vart berre små gjenstandar dekorerte, men no vart det meir og meir vanleg at møblar, vegger og tak vart utsmykka.

Vevteknikk fanst heilt attende til vikingtida og mellomalderen, og prydvev vart mellom anna nytta til teppe og åkle. På 1600-talet vart biletvev ein del av folkekunsten. På 1600- og 1700-talet kan det sjå ut til at Gudbrandsdalen er eit sentrum for biletvev, og for det meste vart det nytta flamskvev (gobelinvev), som stammar frå Antwerpen. På Vestlandet var rutevev mest utbreidd.

Mønster og ornament

Treskurd kan ha ornamentale former, noko som tyder på røter i norrøn tid og på impulsar frå utlandet. Det vart ofte nytta motiv frå klassisk og romersk arkitektur, til dømes trekantgavlar og søyler. Saman med rankemotiv er dette særleg utbreidd under renessansen på 1500-talet. Akantusranken kjem som motiv i skurden frå rundt 1700 og får særleg feste på Austlandet, i Gudbrandsdalen og nord for Dovre. Treskurden blomstra på 1700-talet, medan han utover på 1800-talet heldt fram utan særleg fornying.

Karveskurd har geometriske motiv i sirkel- og rutemønster. Her finst til dømes både seks- og åttebladsroser, og dei geometriske formene finst i uendelege variasjonar. Ulike stader hadde ulike mønster, og mønstra skifta frå tid til anna.

På Vestlandet var ruteåkle med innslag av åttebladsrosa, som vi kjenner frå karveskurden, vanleg.

Det finst måla husgeråd frå 1600-talet, men i langt enklare stil enn rosemålinga, som er mest kjend frå 1700- og 1800-talet. Rosemåling er i hovudsak ein ornamental kunst med særleg stor utbreiing i Hallingdal og i Telemark. Rosemålinga syner blomar og ranker med inspirasjon frå europeisk barokk og rokokko. Roser, tulipanar og dei typiske C‑formene er utbreidde. Den firblada olavsrosa har sitt opphav i Hardanger. Rosemålinga utvikla seg med lokale kjenneteikn, slik at ein kan sjå når og kvar noko er måla, ofte òg av kven. Blomstringstida var frå rundt 1750 til 1850, etter den tid utvikla rosemålinga seg lite.

Kjelder

Håkon A. Andersen: Kunsthåndverket i middelalderen. Oslo 1997

Peter M. Anker: Norsk Folkekunst. Oslo 2004

Arnfinn Engen (red.): Folkekunst. Oslo 1999

Først publisert: 01.02.2016
Sist oppdatert: 25.10.2016