Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Stenersen

Rolf Stenersen, 1899–1978, var forfattar, forretningsmann og kunstsamlar.

Han var rekna som ein stor mesen og skjenkte i 1936 samlinga si av nyare norsk kunst til Aker kommune. Dette er no stilt ut i Stenersenmuseet i Oslo (frå 1994). I 1971 gav han ei samling nyare internasjonal kunst til Bergen kommune, og denne kan ein i dag sjå på Bergen kunstmuseum. Forutan dette gav Stenersen ut skodespel, gjendiktingar, biografiar, skjønnlitterære bøker og bøker om økonomi og pengevesen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.09.2016
Sist oppdatert: 23.09.2016