Carl Gustav Sparre Olsen
Carl Gustav Sparre Olsen (1903–1984) var ein sentral norsk komponist. Han studerte musikk i Oslo med lærarar som Fartein Valen og Bjarne Brustad og i Berlin med Schönberg og Hindemith.
Sparre Olsen fekk impulsar både frå Grieg-tradisjonen og norsk folkemusikk, og frå dei fremste modernistane i si tid. Avgjerande for den folkelege inspirasjonen var møtet med Himmelvarden av Olav Aukrust. Han sette seg også inn i diktinga til Tor Jonsson (som han skreiv bok om), Aslaug Vaa, Inge Krokann, Tore Ørjasæter og Jan-Magnus Bruheim.
Også i dei større verka let han seg inspirere av norske tradisjonar, som det store verket Draumkvedet (1936).
Om artikkelen
Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.
Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.
Sist oppdatert: 16.10.2018