Hopp til innhold
Alexander Pavelich. Pressefoto: Olav Stubberud.
Alexander Pavelich. Pressefoto: Olav Stubberud.
X
Innhald

Alexander Pavelich

Alexander Pavelich, låtskrivar og songar frå Nordfjordeid som gjennom ulike musikalske prosjekt viser stor sjangerbreidd.

Alexander Pavelich er fødd 14. mai 1988 på Nordfjordeid i Eid kommune. Han bur i Drøbak. Pavelich er son av Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich, som var initiativtakarar til Opera Nordfjord. Frå 2004 til 2007 gjekk Pavelich på Eid vidaregåande skule, før han reiste til England for å studere ved The Liverpool Institute for performing Art, LIPA (2007–10).

I løpet av tida i Liverpool etablerte Pavelich indierockbandet Eye Emma Jedi saman med Andrew Murray. Låtane «Crucified» og «Lights» (2011) er to av fleire låtar som vart A-lista på NRK P3.

Popbandet Lovespeake er ei vidareføring av Eye Emma Jedi, med dei same medlemene. Med inspirasjon frå 1970- og 80-åra spelar dei popmusikk der analog synthesizer og trommemaskin er framtredande instrument. Pavelich og Lovespeake gav ut albumet DNA i 2016. Tittellåten handlar om at alle kan finne noko i seg sjølv som ein ikkje visste var der.

Som låtskrivar har Pavelich samarbeidd med artistar innanfor ulike populærmusikalske sjangrar, mellom anna Julie Bergan, Nick Jonas, Dagny og Marcus & Martinus.

 

Kjelder

E‑post frå Alexander Pavelich 18.10.2018

Hege Arstad: «Alexander Pavelich: – Drømmestipendet var en viktig bekreftelse», drommestipendet.no, publisert 11.10.2018: https://www.drommestipendet.no/nyheter/alexander-pavelich-drommestipendet-var-en-viktig-bekreftelse/ [lesedato 20.10.2018]

 

Peikar

Lovespeake: DNA, musikkvideo, youtube.com

Først publisert: 27.03.2019
Sist oppdatert: 14.05.2020