Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Cranner

Alf Cranner var visesongar, visediktar og låtskrivar.

Alf Cranner var fødd 25. oktober 1936 i Oslo og døydde 3. mars 2020. Cranner gjorde eit banebrytande arbeid for norsk visesong frå 1960-åra og framover. Han gav ut visesamlingar og ei rekkje plater.
Cranner sette melodi til fleire Prøysen-tekstar, og han samarbeidde med forfattaren Odd Børretzen om fleire humoristisk-satiriske kabaretar. Alf Cranner fekk Spellemannprisen i 1974 og 1977.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.10.2013
Sist oppdatert: 03.03.2020