Hopp til innhold
X
Innhald

Anita Skorgan

Anita Skorgan, fødd 1958, er pianist, popsongar og komponist. Skorgan har representert Noreg i Melodi Grand Prix fleire gonger. Ho har også medverka i musikalar og gitt ut plater som White Magic (1987), Basic (1990), Julenatt (1994) og Gull (2002).

Anita Skorgan var gift med artisten Jahn Teigen i perioden 1984-1987. Paret gjekk til topps i  den norske finalen i Melodi Grand Prix med duetten Adieu i 1982.

I 1979 deltok ho i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med Oliver:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.01.2014