Arild Grande er ein norsk organist, politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Nord-Trøndelag i 2005-2021.
Arild Grande
Faktaboks
Arild Aglen Grande
- Fødd
- 5. april 1978, Trondheim, Trøndelag
Bakgrunn
Arild Aglen Grande er fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag) og voks opp i Levanger i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han var elev ved Levanger videregående skole i 1994–1997 og studerte til organist ved institutt for kyrkjemusikk ved NTNU i 2003–2005. Grande var tilsett ved Levanger kyrkjelege fellesråd frå 2000 til 2005.
Politisk karriere
Grande arbeidde som fylkessekretær i AUF i Nord-Trøndelag i 1997–2000 og vart deretter leiar av Nord-Trøndelag AUF i 2000–2002. Han var representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 2003–2005, før han kom inn som vararepresentant på Stortinget og møtte fast for statsråd Bjarne Håkon Hansen etter valet i 2005. Grande var då medlem i kommunal- og forvaltningskomiteen. Han fekk fast plass på Stortinget frå 2009, og i perioden 2013–2017 er han medlem av familie- og kulturkomiteen. Han har òg vore mediepolitisk talsmann for Arbeidarpartiet. Grande vart attvald til Stortinget i perioden 2017-2021.
Politisk er Arild Grande særleg oppteken av medie- og kulturpolitikk, og han har vore sentral i arbeidet med endringa av NRK-lisensen.
Andre verv
Arild Grande har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han var leiar av Nord-Trøndelag barne- og ungdomsråd i 2001–2002 og leiar av utdanning-, kultur- og helsekomiteen i Nord-Trøndelag i 2003–2005. Han har òg vore medlem av kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene i 2006–2009. Grande var òg leiar av Mannspanelet i 2007–2008. Frå 2021 er han prosjektleiar i Produsentforeininga i Virke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.