Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Nordheim

Arne Nordheim, 1931–2010, var komponist, skribent og kulturpolitikar.
Nordheim var utdanna ved Musikkonservatoriet i Oslo og studerte også i Stockholm og København.
Nordheim debuterte med Strykekvartett (1956), og seinare kom orkesterverka Canzona, Epitaffio og Magma.
Foto: Eirik Sundvor, kjelde: Trondheim Byarkiv CC BY 2 0
Foto: Eirik Sundvor, kjelde: Trondheim Byarkiv CC BY 2 0
 
Arne Nordheim arbeidde også med elektroniske verkemiddel, til dømes i Eco. Nordheim komponerte også musikk for teater, fjernsyn, radio, film og fleire ballettar (mellom anna Stormen).
Nordheim komponerte musikken til opnings- og avslutningssermonien til OL på Lillehammer. Han skreiv også musikken til Draumkvedet  som vart sett opp på Det Norske Teatret, og komponserte eit oratoriet Nidaros  i samband med at Trondheim feira tusen år i 1997.
Arne Nordheim mottok fleire prisar og utmerkingar, mellom dei æresprisen frå Norsk Kulturråd (1990) og æresmedlemskap i  i The International Society for Contemporary Music (ISCM) 1997. Han budde i ei årrekkje i Statens æresbustad, «Grotten».
Sjå video frå Henie-Onstad Kunstsenter i samband med utstillinga:
Arne Nordheim i kunsten: Ingen -ismer for meg, takk!

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 18.10.2013