Hopp til innhold

Bård Aasen Lødemel (Skatebård)

Bård Aasen Lødemel, eller Skatebård, er DJ, produsent og artist innanfor elektronisk musikk. Han er òg medlem av rapgruppa Side Brok.

Bård Aasen Lødemel er fødd 14. mai 1976 i Harstad. Han voks opp i Volda og Hovdebygda og bur no i Bergen. Frå 1992 til 1995 gjekk han på Volda vidaregåande skule, frå 1995 til 1996 Viken folkehøgskole, før han tok nordisk og engelsk grunnfag ved Høgskulen i Volda (1997–99) og sosialantropologi grunnfag ved Universitetet i Bergen (2001).

Med artistnamnet Skatebård gav han i 1989 ut sitt første soloalbum, Skateboarding was a Crime. Sidan har Skatebård gitt ut album, vinyl-EP‑ar og ei rekkje remixar. For albumet Cosmos (2008) vart han nominert til Spellemannsprisen i klassen elektronika.

Skatebård lagar fengjande elektronisk musikk, der albuma gjerne framstår som eit heilt DJ‑sett. Discorytmane er intense, og dei repeterande elementa frå synthesizeren gjer at albuma som heilskap får ein suggerande effekt.

Saman med Runar Gudnason, alias Sjef R / Thorstein Hyl III, var Aasen Lødemel med og etablerte hiphop-gruppa Side Brok i 2000. I ulike konstellasjonar, der Lødemel er backup-rappar og ansvarleg for rytmekomp, har Side Brok gitt ut fire album og fleire singlar. Side Brok rappar på sunnmørsdialekt, og dei vart kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum i 2004. Med utspring i Side Brok har Aasen Lødemel saman med Gudnason også etablert fantasifiguren Sirkel Sag. I 2016 gav Sirkel Sag ut EP‑en Ørsta Rådhus.

Svein Tuastad er setjeredaktør for artikkelen.


Video: Skatebård sitt DJ-sett på Dekmantel Festival 2018 i Amsterdam.

Kjelder

E‑post frå Bård Aasen Lødemel 26.9.2018

Bård Aasen Lødemel, biografi, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/bard_aasen_lodemel-40233/ [lesedato 27.11.2018]

 

Peikar

Musikksida til Skatebård på SoundCloud.com

Diskografi på Discogs.com

Først publisert: 27.03.2019
Sist oppdatert: 20.05.2019