Hopp til innhold
X
Innhald

Bendik Hofseth

Bendik Hofseth, fødd 1962, er jazzmusikar, tenorsaksofonist og songar. Hofseth var medlem av den amerikanske gruppa Steps Ahead i 1988–93. Han har også hatt eigne band og skrive eigne komposisjonar, mellom anna platene IX (1991), Amuse Yourself (1993) og Smilets historie (1999). I tillegg har han laga bestillingsverka Q (1991) og Metamorfoser (1994) til Vossajazz. Hofseth var oppteken av folkemusikk og jazz, og han har turnert med Arild Andersen og Kirsten Bråten Berg.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 13.11.2013