Faktaboks

Berit Opheim
Fødd
18. juni 1967, Voss
Berit Opheim. Fotograf: Kjell Bitustøyl, gjengitt med tillatelse.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Berit Opheim er ein norsk kvedar, songar og komponist. Ho meistrar folkemusikk og kveding, men har òg drive med klassisk song og såkalla «tidlegmusikk». I tillegg har ho hatt ei omfattande kursverksemd og har etablert kvedargrupper for barn og vaksne. Ho har også vore mykje nytta som dommar på kappleikar.

Bakgrunn

Opheim er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium (noverande Griegakademiet) og Norges Musikkhøgskole. Ho har vore knytt til Ole Bull AkademietVoss sidan 1992.

Musikalsk verksemd

Opheim byrja tidleg å delta i samarbeidsprosjekt med ulike musikarar og ho har samarbeidd med mellom anna Karl Seglem, Lasse Thoresen, Frode Fjellheim og Benedicte Maurseth. Ho har også gitt ut tre soloalbum.

Hausten 2005 og vinteren 2006 hadde Opheim ei sentral rolle i folkemusikkoperaen Tryllefløyta, som gjorde stor suksess både i Norge og Sverige.

Ho starta i 2013 eit duosamarbeid med tidlegmusikaren og luttenisten Rolf Lislevand. Fra januar 2014 blei Opheim òg fullverdig medlem av den internasjonalt kjende vokaltrioen Trio Mediaeval, dette som eit resultat av eit fleirårig samarbeid.

I 2015 laga Opheim soloframsyninga Tre vakre vener saman med regissøren Leif Stinnerbom. I 2017 kom verket Tidekverv, komponert i lag med Benedicte Maurseth. Dette verket fekk NOPAs musikkpris for 2017. Året etter ble verket utgitt på plate og ble nominert til Folkelarmprisen.

Soloalbum

  • Eitt steg (1996)
  • Den blide sol (2007), med organisten Sigbjørn Apeland
  • Slåttar på tunga (2008)

Samarbeidsprosjekt

  • Sogn-a-Song (1991 med Karl Seglem)
  • Fryd (1998 med Bjørn Kjellemyr, Einar Mjølsnes, Per Jørgensen og Sigbjørn Apeland)
  • Song (2003, med gruppa Utla).
  • Dåm (1995) med Sondre Bratland og Oslo Kammerkor.
  • Bergtatt (1999) med Sondre Bratland og Oslo Kammerkor.
  • Småkvedarane frå Voss (2000), resultat av eit opplæringsprosjekt i hennar regi.
  • Løp, lokk og linjar (2005 med komponisten Lasse Thoresen)
  • Ein song frå dei utsungne stunder (2005) med trioen BNB (Berit Opheim, Nils Økland og Bjørn Kjellemyr)
  • Ein engel går stilt (2007). Tingingsverk på Vossajazz, med Ståle Storløkken
  • Fodne ho svara stilt – Folketonar frå Hardanger samla av Geirr Tveitt (2008). Samarbeid med musikarane Kristin Skaare, Benedicte Maurseth og Åsne Valland Nordli
  • Rio Aga (2008) av Gabriel Fliflet. Byggjer på eit tingingsverk på Vossajazz. Opheim står for dei viktigaste vokale innslaga, og den eine av songane, Ute på havet, blei ein hit på Vestlandet.
  • Draumkvedet (2009) med Karl Seglem
  • Biejjien vuelie – Solkvad med Frode Fjellheim. Tingingsverk framført på Osafestivalen i 2011. Verket kom på CD i 2013. Opheim har òg ei solistrolle på to av utgjevingane til Det Norske Solistkor, White nights (2010) og Rós (2013 – juleplate). Her deltek òg folkemusikaren og felespelaren Gjermund Larsen
  • Tidekverv (2017/2018) med Benedicte Maurseth

Prisar

Opheim vann klassa for vokal folkemusikk på Landskappleiken i 1992, 1995 og 1996 og open klasse i 2004.

Ho mottok saman med Benedicte Maurseth NOPAs musikkpris for 2017 for Tidekverv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg