Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarte Engeset

Bjarte Engeset, dirigent som har gjort ein viktig innsats for å formidle norsk orkestermusikk i konsertsalar og på plater.

Engeset er fødd i Ørsta 25. august 1958. Han fullførte dirigentutdanninga si ved Sibeliusakademiet i Helsinki i 1989 med eit av dei beste eksamensresultata der gjennom tidene. Han har sidan dirigert fleire leiande orkester i Europa og er frå 2007 kunstnarisk leiar og sjefsdirigent for det svenske orkesteret DalaSinfoniettan.
 
Saman med orkester som Royal Scottish National Orchestra og Bournemouth Symphony Orchestra står Engeset bak ei rekkje plateinnspelingar for plateselskapet Naxos med norsk musikk, mellom anna av Johan Svendsen, Christian Sinding, Edvard Grieg og Geirr Tveitt. Særleg serien med orkestermusikk av Tveitt har oppnådd gode kritikkar og høge salstal internasjonalt. Engeset har også teke del i det omfattande rekonstrueringsarbeidet av Tveitt sine verk, slik som «Brudlaupssuiten» frå «Hundrad hardingtonar».
 
Peikarar

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 03.12.2013