Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg, fødd 1954, er låtskrivar, gitarist og songar. Eidsvåg er teologutdanna, men la i 1980-åra prestegjerninga til side til fordel for ein musikar-karriere.
Bjørn Eidsvåg. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3, CC BY 2 0
Bjørn Eidsvåg. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3, CC BY 2 0
Han syng på norsk og har fleire plateutgivingar bak seg, mellom andre Vertigo (1980), Landet lenger bak (1995), På svai (1997), Tapt uskyld (1999), Tålt (2002) og En vakker dag (2004).
Eidsvåg fekk Spellemannpris i 1990 og 2002 (Årets låt), og i 1997 vart han Årets spellemann. Dessutan fekk han juryens heiderspris under Spellemannprisen 2006.
Sjå Bjørn Eidsvåg saman med Lisa Nilsson og Kringkastingsorkesteret med Mysteriet Deg, frå 2009:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013