Hopp til innhold
X
Innhald

Dahle

Dahle, spelemannsslekt frå Tinn i Telemark: Knut, 1834–1921, var viktig for hardingfeletradisjonen etter Håvard Gibøen og Myllarguten. Sonesønene Johannes, 1890–1980, og Gunnar, 1902–88, førte denne tradisjonen vidare.
17 av slåttane til Knut Dahle vart skrivne ned av Johan Halvorsen og nytta av Edvard Grieg. Knut Dahle, og i endå større grad Johannes Dahle, komponerte ei rekkje slåttar.
Dahle-tradisjonen dannar eit viktig fundament for felespelet i Telemark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2013
Sist oppdatert: 05.11.2013