Faktaboks

Daniel Kvammen
Fødd
27. april 1988, Geilo i Hallingdal, Viken
Daniel Kvammen
Daniel Kvammen
Daniel Kvammen
Av /SCANPIX.

Daniel Kvammen er ein norsk vokalist, gitarist og låtskrivar frå Geilo som syng popmusikkhallingdialekt. Han tek den musikalske arven frå hallingdølingane Stein Torleif Bjella og Hellbillies vidare ved å gi visesong- og countrymusikktradisjonen eit meir populærmusikalsk preg. Kvammen er kjend for sine fengande melodiar og ærlege, ofte vittige, tekstar. Best kjend er kanskje låta «Du fortenar ein som meg».

Bakgrunn

Kvammen vaks opp på Geilo i Hol i Hallingdal, og han gjekk på Gol vidaregåande skule i 2006—2009.

Musikkarrieren

Allereie med debutalbumet Fremad i alle retninga (2015) vart han godt motteken av publikum og kritikarar. Albumet vart nominert til tre Spellemannprisar, og låta «Du fortenar ein som meg» vart mykje spela i norsk radio og TV. I 2015 kom også Daniel Kvammen 1988 EP. Han hadde ein synthprega poprockstil på albumet Vektlaus (2017), som debuterte på 20. plass. Same år kom Maktlaus. I tillegg til albuma har Kvammen gitt ut fleire singlar, mellom anna «Daue fugla» (2015) og «23. desember» (2015).

På albumet Fremad i alle retninga spelar Kvammen låtar som «Ingen vega utanom» og den nemnde «Du fortenar ein som meg», der han blandar visesongsjangeren med country. Med Vektlaus er lydbiletet meir prega av elektropop-musikk. Sjølv om gitaren enno er med, er keyboardet eit viktig instrument. Låtane «Me dansar ikkje for moro skyld» og «Gatelangs gjennom sorg og synd» er døme på det. Albumet greidde 19. plass og 5 uker på VG-lista.

Kvammen kombinerer energisk festmusikk med tekstar med høg allsongfaktor. Tekstane handlar i stor grad om kjærleiken, og då gjerne den som det ikkje vart noko av. Gjennom humor og alvor har han ein bodskap som særleg eit yngre publikum kan kjenne seg att i. Han syng på Geilo-dialekt. Kvammen har blant anna samarbeidd med artistar som Lars Vaular, Eva Weel Skram, Gabrielle og Aslag Haugen (frå Hellbillies).

Utmerkingar

I 2015 fekk han Dialektprisen av Norsk Målungdom og Buskerud Mållag sin målpris. Debutalbumet Fremad i alle retninga (2015) blei nominert til tre Spellemannprisar: årets tekstforfattar, årets nykomar og årets musikkvideo. Kvammen blei tildelt Spellemannprisen for årets musikkvideo i 2017 for den frittståande singlen «Som om himmelen revna», der Lars Vaular medverka.

Diskografi

  • «Ingen Vega Utenom»/«Alt For Mykje Tå Alt For Lite» (Singel, 2013)
  • Fremad i alle retninga (Album, 2015)
  • «Du fortenar ein som meg» (Singel, 2015)
  • «Daue fugla» (Singel, 2015)
  • «Fuck deg, helsing 90-talet» (Singel, 2015)
  • «1988 EP» (Singel, 2015)
  • «23. desember» (Singel, 2015)
  • Vektlaus (Album, 2017)
  • Maktlaus (Album, 2017)
  • «Me dansar ikkje for moro skyld» (Singel, 2017)
  • «Gatelangs gjennom sorg og synd» (Singel, 2017)
  • «Som om himmelen revna» (Singel, 2017, med Lars Vaular)
  • «Ultraliv» (Singel, 2017)
  • «Så godt at det gjør vondt» (Singel, 2017)
  • «Ubestemte absolutta» (Singel, 2017)
  • «Om du vil ei gong til» (Singel, 2018)
  • «Einsam i lag» (Singel, 2019, med Eva Weel Skram)
  • Guta som gret (Album, 2021)
  • Absolutt klining (Album, 2022; nyinnspelingar av låter)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg