Hopp til innhold
X
Innhald

Edith Roger

Edith Roger, fødd 1922, er dansar, koreograf og teaterinstruktør. Roger var dansar ved Svenska Dansteatern, Ny Norsk Ballett og Operaballetten i tida 1948–64. Ho har koreografert for fleire Oslo-teater og Den Norske Opera. Frå 1967 var ho teaterinstruktør ved Nationaltheatret.
 
Roger har mellom anna koreografert Haugtussa og Mot solen for Festspillene i Bergen og Den Norske Opera. Edith Roger fekk Norsk kulturråds ærespris i 2002.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.12.2013