Hopp til innhold
X
Innhald

Egil Hovland

Egil Hovland, 1924–2013, var komponist, organist og ein av hovudarkitektane bak den kyrkjemusikalske fornyinga dei siste tiåra. Hovland komponerte kyrkjeleg bruksmusikk, liturgisk musikk, messer (mellom anna Missa vigilate for dansarar, kor, solistar, orgel og lydband), korverk, orgelmusikk (Elementa), kyrkjeopera (Brunnen), orkestermusikk (også solokonsertar) og kammermusikk.
Høyr opptak av Stavanger Domkor framføre Agnus Dei for fagott og kor, op.167 av Egil Hovland. Solist: Robert Rønnes. Dirigent: Arne Hadland:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013