Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Steen-Nøkleberg

Einar Steen-Nøkleberg, fødd 1944, er pianist, cembalist og pedagog. Steen-Nøkleberg har markert seg som ein av dei aller fremste utøvarane i Noreg (også som akkompagnatør), og som pedagog. Han var professor i klaver ved musikkhøgskulen i Hannover i 1975–81 og seinare professor ved Noregs musikkhøgskule. Steen-Nøkleberg står bak fleire plateinnspelingar og fekk Spellemannprisen i 1976.
Høyr og sjå Einar Steen-Nøkleberg spele Grieg:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.10.2013