Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Kalvik

Finn Kalvik, fødd 1947, er visesongar, -diktar og komponist. Kalvik hadde eit omfattande samarbeid med lyrikaren Inger Hagerup. I 1981 vann han den norske Melodi Grand Prix-finalen med songen Aldri i livet.
Kalvik står også bak ei rekkje plateutgivingar, til dømes Fyll mine seil (1976), Kom ut kom fram (1979), Det søte liv (1984), Innsida ut (1991), Imellom to evigheter (2000) og Dagdrivernotater (2004).

Sjå opptak frå Melodi Grand Prix Aldri i livet (1981)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.11.2013
Sist oppdatert: 14.11.2013