Hopp til innhold
Gabrielle. Foto: Rashid Akrim, NRK P3. CC BY SA 3.0.
Gabrielle. Foto: Rashid Akrim, NRK P3. CC BY SA 3.0.
X
Innhald

Gabrielle Susanne Solheim Leithaug

Gabrielle, songar og songskrivar som lagar fengjande elektronisk popmusikk og skriv tekstar på bergensdialekt.

Gabrielle Leithaug er fødd 10. januar 1985 i Bergen. Ho har studert reiselivsleiing ved Universitetet i Stavanger og musikk ved Høgskulen i Nord-Trøndelag.

Før musikarkarrieren til Gabrielle skaut fart, var ho mellom anna programleiar i Radio1 i Bergen (2010).

Gabrielle lagar elektronisk popmusikk med påverknad frå rock, hiphop og R&B. Tekstane hennar er ofte direkte og likeframme, og songane har fengjande refreng og rytmar og eit melodiøst uttrykk. Den klare og sterke røysta er òg ein viktig del av det musikalske repertoaret hennar. Den første singelen ho gav ut, «Ring meg» (2011), sikra henne førsteplass på VG-lista og eit stort publikum. Året etter platedebuterte ho med Mildt sagt (2012), som inneheld songar som «Bordet» og «Glemt meg», i tillegg til «Ring meg». I 2013 kom det todelte albumet Nattergal – Kap 1, som har eit rikt og melodiøst lydbilete. I 2014 gav ho ut hit-singelen «5 fine frøkner», som seinare fekk ny popularitet gjennom TV-serien Skam.

Gabrielle var deltakar i fjernsynsprogrammet Idol i 2006 og i X Factor i 2009. I 2014 stod ho på scena under nobelpriskonserten i Oslo Spektrum, som einaste norske artist.

Gabrielle blei nominert til Spelemannsprisen i 2011 i kategorien Årets hit for «Ring meg». I 2014 fekk ho Edvardprisen i kategorien populærmusikk for Nattergal – Kap 1. «5 fine frøkner» blei nominert til Spelemannsprisen i 2014 som Årets hit. I 2017 blei ho nominert til P3 Gull i kategorien årets liveartist og Spelemannsprisen i kategorien popsolist for utgivinga Vekk meg opp.

Kjelder

Øyvind Holen: «Popengelen Gabrielle», Dagens næringsliv 29.1.2015: http://www.dn.no/d2/2015/01/29/2112/Musikk/popengelen-gabrielle [lesedato 25.2.2015]

«Edvard-pris til Gabrielle Leithaug», tono.no: http://www.tono.no/tono-nytt/edvard-pris-til-gabrielle-leithaug/ [lesedato 25.2.2015]

Peikarar

Nettstaden til Gabrielle: http://www.gabrielleleithaug.com/

Musikkvideoen til «5 fine frøkner»:

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 10.01.2020