Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Austbø

Håkon Austbø, fødd 1948, er pianist og vinnar av fleire internasjonale prisar. Austbø budde i perioden 1974–2007 i Nederland og var dosent ved musikkonservatoriet i Utrecht. I dag verkar han som professor ved Universitetet i Stavanger, på Institutt for musikk og dans.
Særleg kjend er Austbø for tolkingane sine av Messiaen og Skrjabin. Han fekk Kritikarprisen i 1989 og Spellemannprisen i 1990, 1992 og 1995.
Håkon Austbø. Foto: Bærum bibliotek, flickr.com cc by 2.0
Håkon Austbø. Foto: Bærum bibliotek, flickr.com cc by 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013