Faktaboks

Halvdan Furholt

Bjarne Halvdan Furholt

Fødd
2. mars 1931, Vegusdal, Agder

Halvdan Furholt er lærar, målmann og spelemann.

Bakgrunn

Bjarne Halvdan Furholt er fødd i Vegusdal (no Birkenes) i Aust-Agder (no Agder). Han er utdanna lærar, med musikk og engelsk som tilleggsfag. Furholt var tilsett ved Songdalen Ungdomsskole 1967–1995, i ti av desse åra som rektor.

Musikkarrieren

Saman med dottera Ragnhild Furholt og broren Otto Furholt gav han ut albumet Agderkrullar (1981). Han var òg med på plata Fra den sørlandske folkesjel (1984) som domorganist Bjarne Sløgedal gav ut. Furholt gav sjølv ut CD-plata Agderslåttar i 2002.

Halvdan Furholt spelar hardingfele, har vore aktiv i Kristiansand spelemannslag i ei årrekkje og har vore viktig for folkemusikken på Agder. Furholt har vore med på mange festivalar og landskappleikar. Sidan 1978 har han spela i klasse A.

Mållagsarbeid

Han var leiar av Songdalen Mållag i ei årrekkje, av Vest-Agder Mållag fleire år i 1980-åra og har arbeidd med skulemålsrøystingar på Agder.

Utmerkingar

Halvdan Furholt blei æresmedlem i Vest-Agder Mållag i 2001 og i Landslaget for Spelemenn i 2007. I 2012 fekk han Fylkeskulturprisen for Vest-Agder.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg